Mika 1:9
For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Kunngjer det ikkje i Gat! Gråt ikkje so sårt! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.
Cross References
2 Kings 18:13I det fjortande styringsåret åt kong Hizkia drog assyrarkongen Sankerib upp og hertok alle faste borger i Juda.
Isaiah 1:5Tolar de meir tukt, sidan de held ved med fråfall? Hovudet er som eit einaste sår, og hjarta er gjenomsjukt.
Isaiah 8:7sjå, difor let Herren koma yver deim det stride og velduge vatnet frå Storelvi - assyrarkongen og all hans herlegdom - og ho skal stiga yver alle trømarne og fløyma yver alle strenderne sine.
Isaiah 10:32Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.
Isaiah 36:2Og assyrarkongen sende Rabsake frå Lakis til Jerusalem mot kong Hizkia med ein stor her; og han stogga attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen.
Jeremiah 15:18Kvi er mi liding æveleg, og kvi vil såret mitt batna? Det vil ikkje gro. Du er vorten som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.