Nehemiah 8:9
Nehemia, jarlen, og den skriftlærde presten Ezra, og levitarne, som lærde folket, sagde til alt folket: «Denne dagen er heilag for Herren, dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde dei ordi i lovi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Dei las tydeleg or boki, or Guds lov; og lagde ut meiningi, so folket kom til å skyna det.
Cross References
Numbers 29:1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma,
Deuteronomy 12:12Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønerne og døtterne dykkar, og drengjerne og tenestgjentorne, og levitarne som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon arvlut tilliks med dykk.
Deuteronomy 16:14Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og sønerne og døtterne dine, og drengjerne og gjentorne, og levitarne og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dine.
2 Kings 22:11Då kongen fekk høyra ordi i lovboki, reiv han sund klædi sine.
2 Chronicles 15:3I lange tider var Israel utan sann Gud, utan prest som lærde deim, og utan lov.
2 Chronicles 34:19Men då kongen fekk høyra ordi i lovi, reiv han sund klædi sine.