Femte Mosebok 16:14
Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og sønerne og døtterne dine, og drengjerne og gjentorne, og levitarne og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 14:29So skal levitarne koma; for dei hev ingen arvlut liksom du; og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dykkar, skal koma, og få det dei treng. Då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt det du gjer og tek deg fyre.
Deuteronomy 26:11og du skal gleda deg i alt det gode Herren, din Gud, hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitarne og dei framande som bur millom dykk.
Esther 9:22for dei dagarne hadde jødarne rådt seg ro for fiendarne sine, og i den månaden hadde suti deira snutt seg um til fagnad og sorgi til høgtid. Difor skulde dei gjera desse dagarne til gjestebods-dagar og fagnad-dagar, og senda fornar til kvarandre og gåvor til fatigfolk.
Isaiah 12:1På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!
Isaiah 30:29Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når dei gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.
Joel 1:16Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd?