Nehemiah 9:15
Brød frå himmelen gav du deim når dei var svoltne, og vatn or berget let du fløyma når dei var tyrste. Og du baud deim fara av og leggja under seg landet du med handi i veret hadde svore å gjeva deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
Cross References
Exodus 16:4Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg lata det regna brød åt dykk frå himmelen, og folket skal ganga ut kvar dag og sanka det dei treng for dagen; soleis vil eg røyna deim, um dei held seg etter lovi mi eller ikkje.
Exodus 16:15Då Israels-folket såg det, sagde dei seg imillom: «Kva er dette?» For dei visste ikkje kva det var. Då sagde Moses til deim: Det er det brødet som Herren hev gjeve dykk å eta.
Exodus 17:6Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.
Numbers 20:7Og Herren tala til Moses, og sagde:
Deuteronomy 1:21Sjå, han hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, din fedregud, hev sagt deg! Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!»
Deuteronomy 8:15han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki, millom eiterormar og skorpionar og yver vatslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget,