Nehemiah 9:16
Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:26Og han sagde: «Høyrer du vel etter ordi åt Herren, din Gud, og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle loverne hans, so skal du sleppa alle dei sjukarne, som eg hev lagt på egyptarane; for eg, Herren, vil vera lækjaren din.»
Deuteronomy 1:26Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren, dykkar Gud,
Deuteronomy 9:6So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.
Deuteronomy 9:23Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sagde: «Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk!» då var de ulyduge mot Herren, dykkar Gud, og leit ikkje på honom, og høyrde ikkje på det han sagde;
Deuteronomy 31:27For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte?
2 Kings 17:14Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud.