Nehemiah 9:27
Då gav du deim i fiendevald, og valdsverk fekk dei røyna. Men når dei var i verste vande, ropa dei til deg, og du høyrde på deim frå himmelen. I di store miskunn sende du deim frelsarar som fria deim ut or fiendevald.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:29Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug.
Judges 2:14Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne.
Judges 2:18Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom deim, so var Herren med domaren, og berga deim frå uvenerne deira so lenge domaren livde; for Herren ynkast yver deim når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.
Judges 6:6Israel vart reint utarma av herjingarne deira, og Israels-sønerne ropa til Herren.
1 Samuel 12:10So ropa dei til Herren og sagde: «Me hev synda; for me hev svike Herren og tent Ba’als-bilæti og Astarte-bilæti; men frels oss no frå fiendarne våre, so vil me tena deg.»
2 Kings 14:27Herren hadde ikkje sagt at han vilde strjuka ut Israels namn under himmelen; difor hjelpte han deim ved Jerobeam Joasson.