Nehemiah 9:26
Men dei gjorde seg harde og sette upp imot deg, og kasta di lovi bak ryggen sin. Dei drap profetarne dine, som vitna for deim og vilde venda deim um til deg; dei spotta deg gruveleg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:15Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
Judges 3:6dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønerne deira, og dyrka gudarne deira.
Judges 10:13Men de vende dykk frå meg, og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
1 Kings 18:4den gongen då Jezabel rudde ut Herrens profetar, hadde Obadja teke og gøymt hundrad profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytt for deim med brød og vatn.
1 Kings 19:10Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
2 Kings 21:11«Av di Manasse, Juda-kongen, hev drive med desse avstyggjelege skikkarne, verre enn alt det amoritarne gjorde fyre hans tid, og forført med sine steingudar ogso Juda til å synda,