Nehemiah 9:8
Og du fann hjarta hans trufast for di åsyn då du gjorde du den pakti med honom at du vilde gjeva ætti hans landet åt kananiten, hetiten, amoriten, periziten, jebusiten og girgasiten. Og du heldt det du lova. For du er rettferdig.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Du såg kor vondt federne våre hadde det i Egyptarland, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet.
Cross References
Genesis 12:7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Genesis 15:18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Genesis 22:12Då sagde han: «Legg ikkje hand på sveinen, og gjer honom ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.»
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Numbers 13:29og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»
Deuteronomy 7:1Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;