Numbers 13:33
der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 13:22Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. -
Deuteronomy 2:10Der budde i gamle dagar emitarne, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitarne,
Deuteronomy 9:2eit stort kjempefolk, Anaks-sønerne, som du kjenner, og som du hev høyrt det ordet um: «Kven kann standa seg mot Anaks-sønerne?»
1 Samuel 17:24Alle Israels-mennerne rømde undan då dei såg honom, og var ovleg rædde.
2 Samuel 21:20Då det vart eit slag att ved Gat, var der ein storvaksen mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, fire og tjuge til saman. Han var ogso utstokken frå Rafa-ætti.
Isaiah 40:22Han sit høgt yver jordheims-kringen, dei som der bur, er som grashoppesverm. Himmelen breidde han ut som ein florduk, spana han ut som eit tjeld til å bu i.