Numbers 13:32
Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 13:28Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,
Deuteronomy 1:28Gud betre oss, for eit land me skal fara upp til! Det var so hjarta kolna i oss då brørne våre kom att og sagde: «Det er folk som er større og sterkare enn me, og svære byar, med murar som rekk radt til himmels: og Anaks-sønerne såg me der og.»»
1 Chronicles 20:6So stod det ein strid ved Gat. Der var det ein risestor mann, som hadde seks fingrar og seks tær, fire og tjuge i alt; han og var ætta frå rafa’itarne.
Ezekiel 36:12Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause.
Amos 2:9Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.
Matthew 23:13Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn.