Salmane 137:3
For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.
4Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
Cross References
1 Chronicles 15:27Og David gjekk då med ei kappa av fint linan, og like eins alle levitarne som bar kista, og songarane, og Kenanja, føraren for songarane ved beringi. Dessutan bar David ein linhakel.
Nehemiah 4:2og tala soleis til brørne sine og til stridsfolket i Samaria: «Kva er det desse visne jødarne driv på med? Skal dei hava lov til sovore? Skal dei få ofra? Kann henda dei vil få arbeidet ferdigt i dag! Kann henda dei vil blåsa liv i steinarne frå dei forbrende røysarne!»
Psalms 65:1Til songmeisteren; ein salme av David, ein song.
Psalms 80:6Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
Proverbs 25:20Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta.
Isaiah 51:11Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.