Salmane 138:2
Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
1Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.
3Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.
Cross References
1 Kings 8:20Og Herren hev sett i verk ordet sitt; eg er komen upp i romet etter David, far min, og eg hev sett meg i Israels kongsstol, soleis som Herren lova, og eg hev bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
1 Kings 8:29og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
Psalms 5:8Men eg vil ved di store miskunn ganga inn i ditt hus, vil med otte for deg falla ned framfyre ditt heilage tempel.
Psalms 36:5Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
Psalms 56:10Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
Psalms 86:15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap.