Salmane 17:15
Eg skal i rettferd skoda ditt andlit, eg skal, når eg vaknar, mettast av di åsyn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 1:26Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»
Joshua 24:15Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
Job 19:26Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud,
Psalms 4:6Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!
Psalms 11:7For Herren er rettferdig, han elskar rettferd, den trugne skal skoda hans åsyn.
Psalms 36:8Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.