Salmane 74:1
Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:11Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sagde: «Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev henta ut or Egyptarlandet med di store magt og di sterke hand?»
2 Kings 21:14Eg støyter ifrå meg deim som er att av arvluten min, og gjev deim i fiendevald, so dei vert til ran og til herfang for alle sine fiendar.
Psalms 18:8Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.
Psalms 42:11Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.
Psalms 50:1Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.
Psalms 60:10Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!»