Salmane 91:15
Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»
Cross References
1 Samuel 2:30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
Job 12:4Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg.
Psalms 18:3Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.
Psalms 23:4Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.
Psalms 50:15og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»
Isaiah 41:10ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.