Johannes' openberring 8:3
Og ein annan engel kom og stod ved altaret, og han hadde eit røykjefat av gull, og det vart gjeve honom mykje røykjelse, som han skulde leggja til bønerne frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor stolen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Og eg såg dei sju englarne som stend for Guds åsyn, og det vart gjeve deim sju basunar.
4Og røyken av røykjelsen steig frå engelens hand upp for Gud med bønerne frå dei heilage.
Read all of Johannes' openberring 8
Cross References
Genesis 48:15Og han velsigna Josef og sagde: «Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som vara meg frå di eg vart til og til den dag i dag,
Exodus 30:1So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akazietre skal du gjera det,
Exodus 40:26Gullaltaret og sette han i møtetjeldet, framanfor forhenget,
Numbers 16:46og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»
2 Chronicles 26:16Men då han var megtig vorten, vart hjarta hans ovmodigt, so han skjemde seg ut og gjorde urett mot Herren, sin Gud; han gjekk inn i Herrens hus og vilde kveikja røykjelse på røykjelsesaltaret.
Amos 9:1Ved alteret såg eg at Herren stod. Han sagde: Støyt til stolpen, so gåtterne skrell, lat det ramla nedyver kvar ein haus. Eg let deim som att er falla for sverd, ingen skal koma seg av, berga seg skal ikkje ein.