Zechariah 12:6
På den dagen skal eg lata ættehovdingarne i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring; men Jerusalem skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 149:6Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand,
Isaiah 10:16Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
Isaiah 54:3For du skal breida deg til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.
Jeremiah 31:38Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,
Daniel 2:34Medan du stod og såg på bilætet, vart det lausrive ein stein, men ikkje med mannehender, og den steinen råka bilætet på føterne, som var av jarn og leire, og krasa deim.
Obadiah 1:18Og Jakobs hus vert eld og Josefs hus ein loge, og Esaus hus vert til halm og eld set dei på det og øyder det ut, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.