Zechariah 14:20
På den dagen skal det standa på bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren,» og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 25:29Sidan skal du gjera dei fati og skålerne som høyrer til bordet, og kannorne og bollarne som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull.
Exodus 28:36So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn, som på ein seglring, desse ordi: «Vigd åt Herren».
Exodus 39:30So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet, og på den grov dei inn, som i ein seglring: «Vigd åt Herren,»
Leviticus 8:9Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.
Numbers 4:14og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i.
Numbers 7:19og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,