Zechariah 14:7
Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt.
Cross References
Isaiah 9:7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.
Isaiah 30:26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.
Isaiah 60:20Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg ævelegt ljos, dine syrgjedagar er enda.
Daniel 12:4Men du, Daniel, må gøyma ordi og forsigla boki alt til endetidi; mange skal granska henne, og kunnskapen skal auka.»
Matthew 24:36Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine.
Acts 1:7Han sagde til deim: «Det er ikkje dykkar sak å vita tid eller stund som Faderen hev sett i si eigi magt.