Zechariah 14:8
Og på den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
Cross References
Isaiah 35:7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.
Isaiah 49:10Dei skal ikkje svelta, skal ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod og solsteik deim skada, for deira miskunnar skal føra deim og leida deim lint til uppkomevatn,
Ezekiel 47:1So let han meg tilbake til inngangen åt huset. Og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust. Og vatnet rann ned frå høgre sida på huset sunnanfor altaret.
Joel 3:18Fram med sigden! No mognast kornet. Kome, trakke! No er persa full. Kjeraldi fløymer. Ovstor er vondska.
John 4:10Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.»
John 5:4for ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti, etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av.