Zephaniah 3:6
Eg hev øydt ut folkeslag, deira murtindar vart nedbrotne. Eg gjorde gatorne deira aude, so ingen ferdast på deim; byarne deira vart herja, so dei er utan folk, utan ibuar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 23:4Dei veit eg hev luta ut åt dykk, ætt for ætt, dei riki som endå er att, og like eins alle deim eg hev lagt i øyde, frå Jordan og til Storhavet der soli gjeng ned.
Isaiah 15:1Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
Isaiah 37:11Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt med mot alle landi: at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?
Isaiah 37:36Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik.
Jeremiah 25:18Jerusalem og byarne i Juda og kongarne og hovdingarne der, for å gjera deim til audn og øyda, til ei spott og til ei våbøn - so som det er den dag i dag -
Zephaniah 2:5Usæle dei som bur i bygdi utmed havet, kretarfolket. Herrens ord er yver deg, Kana’an, Filistarland. Ja, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg.