Zephaniah 3:8
Difor, bia på meg, segjer Herren, til den dagen eg ris upp til herfang. For det er min dom at eg samlar folki og stemner saman kongeriki, renner ut harmen min yver deim, all min brennande vreide; for elden av min brennhug skal øyda heile jordi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:21Dei arga meg upp med u-gudar, eggja meg med sine skrymt; eg skal eggja deim med eit u-folk, ei uvitug heidningeborg.
Psalms 27:14Venta på Herren, ver hugheil, og lat ditt hjarta verta sterkt. Ja, venta på Herren!
Psalms 37:34Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.
Psalms 62:5Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.
Psalms 123:2Sjå, som augo til tenarar skodar på handi åt herrarne sine, som augo til tenestgjenta på handi åt frua si, soleis skodar våre augo upp til Herren, vår Gud, til dess han vert oss nådig.
Proverbs 20:22Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.