Isaiah 51:9
Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 6:13«Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»
Job 26:12Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist.
Psalms 21:13For du skal få deim til å snu ryggen til, med dine bogestrengjer sigtar du på deira andlit. Reis deg, Herre, i di magt! So vil me lovsyngja og prisa ditt velde.
Psalms 44:2Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.
Psalms 44:24Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid!
Psalms 74:13Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet.