Andre kongebok 19:10
Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 20:5Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,
Numbers 25:11«Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-folket; etter di han stod so strengt på min rett, vilde ikkje eg vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.
1 Kings 18:4den gongen då Jezabel rudde ut Herrens profetar, hadde Obadja teke og gøymt hundrad profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytt for deim med brød og vatn.
1 Kings 18:17Då Ahab såg Elia, sagde Ahab til honom: «Er du her, du som dreg ulukka yver Israel?»
1 Kings 18:22Då sagde Elia til folket: «Eg er no den einaste som er att av Herrens profetar; men Ba’als-profetarne er fire hundrad og femtimann.
1 Kings 19:2Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.»