Daniels bok 10:16
Men sjå, ein som var lik eit menneskje, tok på lipporne mine. Då let eg upp munnen min og tala og sagde til honom som stod framfyre meg: «Herre min, ved den syni eg hev set, hev det kome slik verk yver meg, at eg eig ingi magt meir.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Medan han soleis tala til meg, vende eg andlitet mitt mot jordi og tagde.
Cross References
Exodus 4:13«Å Herre, eg bed for meg!» svara Moses, «send heller ein annan med det bodet!»
Judges 6:13«Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»
Judges 13:8Då bad Manoah til Herren, og sagde: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!»
Isaiah 6:7Med den rørde han ved munnen min, og so sagde han: «Sjå, denne hev rørt ved lipporne dine, no er di misgjerd burte, og di synd er sona.»
Ezekiel 1:26Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.
Ezekiel 33:22Men Herrens hand var komi yver meg um kvelden, fyrr dei undanslopne kom; og han let upp munnen min innan dei kom til meg um morgonen. So var då munnen min upplaten, og eg var ikkje mållaus meir.