Daniels bok 2:26
Kongen svara og sagde til Daniel, som hadde fenge namnet Beltsassar: «Kann du segja meg den draumen eg hev havt, og uttydingi på honom?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 41:15Og Farao sagde til Josef: «Eg hev havt ein draum, og det er ingen som er god til å tyda honom. Men eg hev høyrt sagt um deg, at berre du høyrer ein draum, so tyder du honom med same.»
Daniel 1:7Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.
Daniel 4:8Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis:
Daniel 5:12etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».