Esther 8:11
at kongen gav jødarne i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt, og rydja ut, drepa og tyna alle væpna flokkar i kvart folk og jarlerike som synte deim fiendskap, alt til born og kvende, og so plundra eigedomarne deira,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Esther 3:13So sende dei brev med snøggbod til alle jarleriki åt kongen, at alle jødar skulde verta utrudde, drepne og tynte, både unge og gamle, born og kvende, alle på ein dag, den trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar, og deira gods skulde gjevast til plundring.
Esther 9:5Jødarne slo eit slag på alle fiendarne sine, med sverd og dreping og tyning, og dei for som dei vilde med motmennerne sine.
Esther 9:15Jødarne i Susan slo seg i hop den fjortande dagen og i månaden adar og drap tri hundrad mann i Susan. Men til plundring rette dei ikkje ut handi.
Psalms 37:14Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram.
Psalms 137:8Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
Isaiah 10:6Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.