Andre Mosebok 32:13
Kom i hug det du lova Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, då du svor ved deg sjølv: «Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernorne på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; og dei skal eiga det i all æva.»»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Då angra Herren at han hadde lova folket sitt vondt.
Cross References
Genesis 12:7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Genesis 15:5Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus,» sagde han til honom, «skal ætti di verta.»
Genesis 15:18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Genesis 22:16og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
Genesis 26:3Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg svor Abraham, far din.
Genesis 28:14Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle folk på jordi velsignast.