Ezekiel 13:22
For di de ved lygn fær rettferdig manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev gjort honom vanmoda, og de hev gjort gudlaus manns hender sterke, for at han ikkje skulde venda um frå sin vonde veg so eg kunde få halda honom i live,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 3:4Då sagde ormen med kona: «De skal ikkje døy.
Jeremiah 6:14Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er.
Jeremiah 14:13Då sagde eg: «Å, Herre, Herre, sjå profetarne segjer med deim: «De skal ikkje sjå sverd, og de ikkje verta ute for svolt, men fred med tryggje vil eg gjeva dykk på denne staden.»»
Jeremiah 23:14Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.
Jeremiah 27:14Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk.
Jeremiah 29:32difor, so segjer Herren: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten, og avkjømet hans; ingen av deim skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer med folket mitt, segjer Herren, for han hev preika fråfall frå Herren.