Ezekiel 16:39
Og eg vil gjeva deg i deira hand, og dei skal riva ned din kvelving, og brjota ned dine haugar, og hava av deg klædi dine, og taka dine dyrverdige prydnadsting, og lata deg liggja der naki og berr.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
40Og dei skal gjera manngard um deg og steina deg i hel og hogga deg sund med sverdi sine.
Cross References
Leviticus 26:30Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot.
Isaiah 27:9Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir.
Ezekiel 16:10Og eg klædde deg i rosesauma ty og hadde på deg skor av markuskinn og batt på deg eit fint hovudlin og sveipte deg i silke.
Ezekiel 16:31og byggja din kvelving attmed kvart eit vegemot og gjera dine haugar på kvart eit torg! Men du var ikkje som ei onnor skjøkja, med di du vanvyrde skjøkjeløn.
Ezekiel 23:29Og dei skal fara åt med deg i hat og taka alt det du hev stræva i hop og lata deg etter seg naki og berr, horeblygsli di skal verta nækt, og di skjemdarferd og din hordom skal verta synberr.
Hosea 2:5For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk deim, for skamleg åt, med di ho sagde: «Eg vil fara etter elskarane mine. For dei gjev meg maten min og drykken min, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.»