Ezekiel 33:27
So skal du segja med deim: So segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, skal dei som bur millom røysarne falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt udyri, og dei som held på knausar og i hellerar, skal døy av sott.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 13:6Då Israels-mennerne såg dei var komne i knipa, av di filistarane trengde på, so for folket av og løynde seg i hellerar, i klungerkjørr, i gil, i kjellarar og brunnar.
1 Samuel 23:14So heldt David seg i øydemarki i fjellborgerne, og heldt seg millom fjelli i øydemarki Zif. Saul leita etter honom allstødt. Men Gud gav honom ikkje hans hand.
Isaiah 2:19Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.
Jeremiah 41:9Og brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den som kong Asa hadde gjort til vern mot Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner.
Jeremiah 44:12Og eg vil taka deim som er leivde etter Juda, deim som heldt stemneleidi til Egyptarlandet og for dit og vilde bu der. Og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd, av svolt skal dei setja til, både små og store; for sverd og av svolt skal dei døy. Og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding.
Ezekiel 5:17Eg vil senda yver dykk hunger og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg. Eg Herren, hev tala.