Ezra 10:6
Ezra stod upp frå den staden framfyre gudshuset, og gjekk inn i romet åt Johanan Eljasibsson. Og då han var komen dit, var han ikkje god til å eta eller drikka, soleis syrgde han yver utruskapen åt deim som var attkomne frå utlægdi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 9:18Og sidan låg eg på kne for Herren, liksom fyrre gongen, i fyrti dagar og fyrti næter, og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk, og gjort det som Herren mislika, so han vart harm;
Ezra 10:1Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.
Nehemiah 3:20Etter honom vølte Baruk Zabbaison trottigt eit anna stykke frå murkråi heilt fram til husdøri åt øvstepresten Eljasib.
Nehemiah 12:22I Eljasibs, i Jojada og Johanan og Jaddua si tid, vart hovdingarne for levitættgreinerne uppskrivne; like eins prestarne i styringstidi åt persaren Darius.
Nehemiah 13:28Ein av sønerne åt Jojada, son åt øvstepresten Eljasib, var mågen åt horoniten Sanballat; honom jaga eg burt frå meg.
Isaiah 22:12Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.