Ezra 6:14
Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 3:8I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus.
Ezra 4:24Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.
Ezra 5:13Men kong Kyrus, i det fyrste året han styrde i Babylon, gav lov til å byggja upp att dette gudshuset.
Ezra 6:8Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.
Ezra 7:1Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,
Nehemiah 6:15Muren vart fullt ferdig på tvo og femti dagar, den fem og tjugande dagen i månaden elul.