Ezra 8:18
Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 3:20Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.
1 Chronicles 6:4Eleazar fekk sonen Pinehas; Pinehas fekk sonen Abisua,
Ezra 7:6Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.
Ezra 7:28og at han let meg finna nåde hjå kongen og rådsmennerne hans og hjå alle dei megtige hovdingarne åt kongen! Eg fekk mod då eg såg at Herren, min Gud, heldt handi si yver meg, og eg samla kringum meg nokre ættarhovdingar av Israel; dei skulde vera med meg på heimferd.
Ezra 8:22Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
Nehemiah 2:8Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.