Habakkuk 3:8
Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Kusans tjeldbuder ser eg i vande, tjeldi i Midjanslandet skjelv.
9Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. Sela. Til elvar kløyver du jordi.
Cross References
Exodus 14:21Då rette Moses handi si ut yver havet, og Herren sende ei strid austanvind, som bles heile natti, so vatnet dreiv undan: han gjorde havet til turt land, og vatnet kløyvde seg.
Joshua 3:16då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
Psalms 45:4Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!
Psalms 68:17Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
Psalms 114:3Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende.
Isaiah 19:1Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudarne i Egyptarland for honom, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet deira.