Hosea 4:15
Um no du Israel vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda skuldbinda seg soleis. Kom då ikkje til Gilgal, og far ikkje upp til Bet-Aven, og sver ikkje: «So sant som Herren liver.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 5:9Og Herren sagde til Josva: «I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi.» Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.
1 Kings 12:28Og då kongen hadde tenkt yver dette, laga han tvo gullkalvar, og han sagde til folket: «No lyt de vera nok med ferder upp til Jerusalem. Sjå her er guden din, Israel som førde deg upp or Egyptarlandet.»
2 Kings 17:18Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti.
2 Chronicles 21:11Han og bygde upp offerhaugar i Judafjelli og forførde Jerusalems-buarne til utukt og Juda til fråfall.
Jeremiah 3:6Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.
Ezekiel 20:39Og du, Israels-lyd! So segjer Herren, Herren: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dykkar ufysne avgudar! Men sidan skal de, sant og visst, høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvorne dykkar og med dei ufysne avgudarne dykkar.