James 4:2
De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster.
Cross References
1 Kings 21:6Han svara henne: «Eg tala med jizre’eliten Nabot og sagde til honom: «Lat meg få vinhagen din for pengar, eller um du so tykkjer, skal eg gjeva deg ein annan vinhage i staden.» Men han svara: «Eg vil ikkje gjeva deg vinhagen min.»»
Ecclesiastes 4:8Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det.
Habakkuk 2:5For liksom vinen ikkje er å lita på, so skal den kaute karen ikkje få bu i ro, um han so gaper som helheimen og er som dauden umettande, og um han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag.
Luke 11:9Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!
John 16:24Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!
James 1:5Men dersom nokon av dykk vantar visdom, so bede han Gud, han som gjev alle viljugt og utan vondord, og han skal få.