Jeremias bok 22:7
Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 10:33Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.
Isaiah 27:10For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvisterne.
Isaiah 54:16Sjå, eg hev skapt smeden som blæs i kolelden og lagar våpn til sitt bruk, og eg hev skapt tynaren til å øyda det.
Jeremiah 5:15Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
Jeremiah 50:20I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til.
Zechariah 11:1Lat upp portarne dine, Libanon, so elden kann øyda cedertrei dine!