Jeremias bok 23:22
Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord, og snu deim frå deira vonde veg og frå deira vonde verk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Eg sende ikkje profetarne, men dei sprang av stad; eg tala ikkje til deim, men dei spådde.
23Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte?
Cross References
Jeremiah 23:18For kven av deim hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det?
Jeremiah 35:15Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg.
Ezekiel 2:7Og du skal tala ordi mine til deim, anten dei lyder på eller ikkje, for tråssuge, det er dei.
Ezekiel 13:22For di de ved lygn fær rettferdig manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev gjort honom vanmoda, og de hev gjort gudlaus manns hender sterke, for at han ikkje skulde venda um frå sin vonde veg so eg kunde få halda honom i live,
Zechariah 1:4Ver ikkje like federne dykkar som dei fyrre profetarne varsla med desse ordi: «So segjer Herren, allhers drott: Vend då um frå dei vonde vegarne dykkar og dei vonde gjerningarne dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
Acts 26:18at du skal opna augo deira, so dei kann venda seg frå myrker til ljos og frå Satans magt til Gud, for at dei skal få forlating for synderne og arvlut millom deim som er helga ved trui på meg.»