Jeremias bok 30:19
Og det skal ljoma av lovsangar og leikstemne-ljod frå deim. Og eg vil lata deim aukast og ikkje minka, og eg vil æra deim, og dei skal ikkje verta mismætte.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 6:22Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Nehemiah 8:17Heile lyden, alle som var heimkomne frå utlægdi, bygde seg lauvhyttor og budde i deim. Sidan dei dagarne då Jesua Nunsson livde og like til denne dagen hadde Israels-borni ikkje gjort det. Og der var ovleg stor gleda.
Psalms 53:6Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.
Isaiah 12:1På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!
Isaiah 27:6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.
Isaiah 51:3For trøyst vil Herren gjeva til Sion, trøyst til alle ruinarne hennar. Audheidi hennar gjer han til Eden, og øydemarki til Herrens hage. Gleda og frygd skal finnast der, lovsong og jubeltonar.