Jeremias bok 31:22
Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper nytt i landet: Kvinna vernar mannen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 3:15Og hat vil eg setja millom deg og kvinna, og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga deim i hælen.»
Isaiah 7:14So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho gjev honom namnet Immanuel.
Jeremiah 2:23Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.
Jeremiah 3:1Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Jeremiah 3:6Og Herren sagde med meg i kong Josias dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den utrue kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.
Jeremiah 3:11Og Herren sagde med meg: Den fråfalne, Israel, tedde seg rettferdigare enn den utrue, Juda.