Jeremias bok 33:9
Og byen skal vera meg til eit fagnad-namn, til pris og til pryda hjå alle folk på jordi som frettar alt det gode som eg gjer deim, og dei skal skjelva og titra for alt det gode og all den freden som eg der lagar til.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:14Folki fær spurt det, og folnar; fælska tek deim som bur i Filistarland.
2 Chronicles 20:29Og ein støkk for Gud kom yver alle dei framande riki då dei høyrde at Herren hadde stridt imot Israels fiendar.
Esther 8:17Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.
Psalms 126:2Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.»
Isaiah 55:13I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.
Isaiah 62:1For Sions skuld vil eg ikkje tegja; for Jerusalems skuld vil eg ei vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som solskin og hennar frelsa som brennande kyndel.