Salmane 50:7
«Høyr, mitt folk, eg vil tala; Israel, eg vil vitna imot deg; Gud, din Gud er eg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Og himlarne forkynner hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.
8Ikkje for dine offer vil eg lasta deg; dine brennoffer er alltid framfyre meg.
Cross References
Exodus 19:5Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.
Deuteronomy 26:17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
1 Samuel 12:22Herren skal taka folket sitt til nåde, for sitt store namn skuld, etter di det tektest Herren å gjera dykk til sitt folk.
2 Kings 17:13Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!»
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Psalms 81:8I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.