Johannes' openberring 6:8
Og eg såg, og sjå, ein gul hest; og han som sat på honom, hans namn var Dauden, og helheimen fylgde med honom: og det vart gjeve deim magt yver fjordeparten av jordi til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Og då det opna det fjorde innsiglet, høyrde eg røysti av det fjorde livendet, som sagde: «Kom!»
Read all of Johannes' openberring 6
Cross References
Leviticus 26:22Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude.
Isaiah 25:8Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala.
Jeremiah 16:4Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Jeremiah 43:11Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, vert sverdslegen.
Ezekiel 5:15Du skal verta til spott og håd, ei åtvaring og ei skræma for folki som er rundt kringum deg, når eg held dom yver deg med vreide og med harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -
Hosea 13:14Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine.