Zechariah 1:16
Difor segjer Herren so: Eg vil atter venda meg til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers drott, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 6:14Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.
Isaiah 12:1På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!
Isaiah 44:26Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.
Jeremiah 30:18So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.
Jeremiah 31:39og mælesnori skal ganga derifrå beint på yver Garebhaugen, og so bøygja til Goa.
Ezekiel 37:24Og min tenar David skal vera konge yver deim, og ein hyrding skal vera åt deim alle. Og i mine lover skal dei ferdast, og mine bod skal dei halda og gjera etter deim.