Evangeliet etter Johannes 16:21
Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Evangeliet etter Johannes 16
Cross References
Genesis 3:16Og til kona sagde han: «Stor vil eg gjera di møda, so tidt du er umhender. Med verk og vande skal du eiga born, og etter mannen din skal du stunda, og han skal hava velde yver deg.»
Genesis 30:23So vart ho då umhender, og åtte ein son. Då sagde ho: «Gud hev teke burt skammi mi.»
Job 11:16då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.
Isaiah 13:8Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.
Jeremiah 30:6Spør og sjå etter um ein karmann føder barn! Kvi ser eg då alle mann med henderne på lenderne liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andliti vortne nåbleike?
Micah 4:10Vrid deg og anka deg, du dotter Sion, som ei kvinna som føder! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og koma heilt til Babel! Der skal du verta frelst; der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendarne dine.