Evangeliet etter Markus 14:41
So kom han tridje gongen, og sagde til deim: «De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskjesonen gjevast i henderne på syndarar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
42Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er’kje langt undan!»
Read all of Evangeliet etter Markus 14
Cross References
1 Kings 18:27Ved middagsleite tok Elia på å gjøra narr av deim og sagde: «Ropa med sterkare mål! For han er då Gud, må vita; han sit vel og grundar på eitkvart, eller og er han gjengen til sides eller er ute på ferd; eller kann henda han søv, då vaknar han vel.»
2 Kings 3:13Men Elisa svara Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gakk du til profetarne åt far din og profeterne åt mor di!» «Seg ikkje so!» svara Israels-kongen; «du skyner Herren hev stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på Moab.»
Ezekiel 20:39Og du, Israels-lyd! So segjer Herren, Herren: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dykkar ufysne avgudar! Men sidan skal de, sant og visst, høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvorne dykkar og med dei ufysne avgudarne dykkar.
Matthew 26:45So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.
Mark 9:31for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.
Mark 14:10Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til dei øvste prestarne og baud seg til å gjeva Jesus i henderne deira.