The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 108

1Ein song, ein salme av David.

2Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra.

3Vakna, harpa og cither! eg vil vekkja morgonroden.

4Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.

5For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.

6Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!

7At dei du elskar må verta frelste, hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss!

8Gud hev tala i sin heilagdom. «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.

9Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.

10Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistarland set eg i med fagnadrop.»

11Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?

12Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar.

13Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd. Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.

← Salmane 107Read In The App, Free →Salmane 109 →

Study Salmane 108

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150