The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 26

1Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.

2Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!

3For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning.

4Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk.

5Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.

6Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,

7til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.

8Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur.

9Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner,

10som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor.

11Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!

12Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.

← Salmane 25Read In The App, Free →Salmane 27 →

Study Salmane 26

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150