The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 56

1Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat.

2Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.

3Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.

4Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.

5Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?

6Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.

7Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.

8Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!

9Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?

10Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.

11Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.

12Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?

13Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg. For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.

← Salmane 55Read In The App, Free →Salmane 57 →

Study Salmane 56

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150